Hopp til innhold
X
Innhald

Recife

Recife, tidlegare Pernambuco, hovudstad i delstaten Pernambuco i det nordaustlege Brasil. Han har om lag 1,5 millionar innbyggjarar, eller om lag 3,6 millionar med forstader. Han er den største byen i landsdelen og har mykje sjøfart og handel i tillegg til ei rekkje industriverksemder, to universitet og ein internasjonal flyplass. Dei mange kanalane har gitt han tilnamnet «Brasil sitt Venezia». Recife vart grunnlagd i 1526.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012