Hopp til innhold
X
Innhald

Rio de Janeiro

Rio de Janeiro, by og hovudstad i delstaten med same namn i Brasil.

Rio de Janeiro har om lag 6,2 millionar innbyggjarar, eller 11,6 millionar med forstader.

Byen er eit handels- og kultursentrum med mykje industri, ei stor hamn og to flyplassar. Dessutan er han ein turistby som er kjend for dei naturskjøne omgivnadene. Byen har mellom anna eit kulturpalass og ein eigen universitetsby på ei øy. Fjelltoppen Corcovado (704 moh.) har ein 40 meter høg Kristus-statue. Ved hamneinnløpet ligg den karakteristiske Pão de Açucar (Sukkertoppen, 395 moh.). Langs høgdene rundt byen finn ein slumstrøk. Byen er elles kjend for dei populære badestrendene sine.

Rio de Janeiro vart i 1763 sete for den portugisiske visekongen, og byen var hovudstad i Brasil i perioden 1822–1960.

I 2014 var Brasil vertsland for fotball-VM, og fleire kampar vart spelte i Rio de Janeiro. Sommar-OL 2016 blir arrangert i Rio de Janeiro.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 22.08.2016