Hopp til innhold
X
Innhald

Sacramento

Sacramento, by og hovudstad i delstaten California i USA med om lag 1,8 millionar innbyggjarar medrekna forstadene. Han er sentrum i eit jordbruks- og gruveområde, og har i tillegg ein del våpenindustri. Byen ligg ved den 615 km lange elva Sacramento, som er farbar 412 km. I området rundt finn ein dessutan ein del vasskraftverk og kunstvatningsanlegg. Sacramento har òg universitet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012