Hopp til innhold
X
Innhald

Saint John's

Saint John's er hovudstad i provinsen Newfoundland og Labrador i Canada. Byen ligg på austkysten av Avalonhalvøya, og han har om lag 175 000 innbyggjarar. Saint John's har fiske- og treindustri. Byen har eit universitet. Det har vore busetnad i Saint John's sidan tidleg på 1600-talet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2013
Sist oppdatert: 16.04.2013