Hopp til innhold
X
Innhald

Saint Louis

Saint Louis, by i delstaten Missouri i USA, like nedanfor staden der Missouri renn ut i Mississippi. Han har om lag 335 000 innbyggjarar, og heile byområdet har om lag 2,7 millionar innbyggjarar. Byen er eit jernbaneknutepunkt med mange slakteri og ein av dei største marknadene i verda for huder og skinn. I tillegg finn ein fly-, bil- og møbelindustri, og dessutan ein del bryggjeri. Det har vore universitet i byen sidan 1853. Saint Louis vart grunnlagd av franskmenn i 1760-åra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012