Hopp til innhold
 Twin City. Foto: zman z99 flickr.com CC BY
Twin City. Foto: zman z99 flickr.com CC BY
X
Innhald

Saint Paul

Saint Paul er hovudstad i delstaten Minnesota i USA. Byen ligg ved elva Mississippi rett overfor byen Minneapolis, og han har om lag 283 000 innbyggjarar. Byområdet som dei to tvillingbyane saman dannar, vert kalla Twin City. Dette byområdet har om lag tre millionar innbyggjarar. Saint Paul er eit samferdselsknutepunkt og eit handelssentrum. Byen har maskin- og treindustri, og han har fleire universitet og høgskular.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2013
Sist oppdatert: 16.04.2013