Hopp til innhold
X
Innhald

Salt Lake City

Salt Lake City, by og hovudstad i delstaten Utah i USA med om lag 1,7 millionar innbyggjarar medrekna forstadene. Han er eit samferdselssentrum med mykje handel, kjemisk industri, konfeksjonsindustri, elektronikkindustri og næringsmiddelindustri. Byen har dessutan universitet, og han er hovudsete for mormonarane. Salt Lake City vart grunnlagd i 1847, og byen arrangerte vinter-OL i 2002.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012