Hopp til innhold
X
Innhald

Salvador

Salvador, hamneby og hovudstad i delstaten Bahia i det nordaustlege Brasil. Han har om lag 3,3 millionar innbyggjarar med forstader, og er eit handelssentrum med mykje næringsmiddelindustri og turisme. I tillegg har han to universitet. Byen vart grunnlagd i 1549, og var hovudstad i det portugisiske Amerika fram til 1763. Han heitte tidlegare Bahia og seinare São Salvador.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012