Hopp til innhold
X
Innhald

San Francisco

San Francisco, by i delstaten California i USA med om lag 7,2 millionar innbyggjarar medrekna forstader og nabobyar som San José, Oakland, Berkeley og Richmond. Han er ein viktig sjøfarts- og handelsby med stålverk, elektronisk industri, maskinindustri, konservesindustri og verkstadindustri. Det ligg fleire universitet i området, som University of California i Berkeley og Stanford University i Palo Alto. Ei norsk sjømannskyrkje har byen også. San Francisco er bygd på 20 høgder og har mange bratte gater. Chinatown er den største kinesiske busetnaden utanfor Asia. Det gamle Fisherman’s Wharf har vorte eit moderne handlesenter. Karakteristisk for bybiletet er dei to lange og høge bruene Golden Gate og Bay Bridge. Byen oppstod rundt ein misjonsstasjon frå 1776. Han vart ramma av eit stort jordskjelv og øydeleggjande brannar i 1906. Eit kraftig skjelv i 1989 førte dessutan til øydeleggingar i eit mindre omfang.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012