Hopp til innhold
 Foto: Jorge Rodriguez, flickr.com CC BY
Foto: Jorge Rodriguez, flickr.com CC BY
X
Innhald

San Juan

San Juan er hovudstad og handelssentrum på Puerto Rico. Byen har om lag 381 000 innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 2,5 millionar. Byen har ei moderne hamn, ulike typar industri og ein omfattande turisttrafikk. San Juan vart grunnlagd i 1521.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2013
Sist oppdatert: 16.04.2013