Hopp til innhold
X
Innhald

San Luis Potosí (by)

San Luis Potosí, by og hovudstad i delstaten med same namn i Mexico, nordvest for hovudstaden i landet. Han har om lag 973 000 innbyggjarar med forstader og er eit jernbaneknutepunkt. Byen har elles mellom anna store smelteverk, jernbaneverkstader og universitet. San Luis Potosí vart grunnlagd i 1583.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012