Hopp til innhold
X
Innhald

San Miguel de Allende

San Miguel de Allende, by i delstaten Guanajuato i Mexico, på 1870 moh. i fjellkjeda Sierra Madre Occidental. Han har om lag 60 000 innbyggjarar, og turisme og kunsthandverk er viktige næringar. San Miguel de Allende har dessutan ein kunstskule, og byen er freda på grunn av dei mange restane av spansk koloniarkitektur. Han vart grunnlagd i 1542.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012