Hopp til innhold
X
Innhald

San Miguel de Tucumán

San Miguel de Tucumán, by og hovudstad i provinsen Tucumán i det nordvestlege Argentina. Han har om lag 833 000 innbyggjarar medrekna storbyområdet. Byen vart grunnlagd i 1565, men flytta til den noverande plasseringa i 1850, etter store flaumar i elva Sali. Sukkerindustri, tekstilproduksjon og ein aukande turisme er viktige næringar. San Miguel de Tucumán har dessutan universitet og ein stor katedral.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012