Hopp til innhold
 Foto: Lon
Foto: Lon
X
Innhald

Santa Cruz

Santa Cruz, offisielt namn Santa Cruz de la Sierra, er ein by i Bolivia. Byen ligg i låglandet, aust for dei austlege Kordillerane, og han har om lag 2,1 millionar innbyggjarar medrekna alle forstader. Han er ein av dei raskast veksande byane i verda.
Santa Cruz er den største byen i Bolivia, og han er handelssentrum for eit jordbruksområde der ein produserer sukkerrøyr, ris, kaffi, bomull, tobakk og driv kvegdrift. Byen har oljeraffineri og internasjonal flyplass. Santa Cruz er erkebispesete og har fleire universitet. Byen var grunnlagd i 1560.

Først publisert: 16.04.2013
Sist oppdatert: 16.04.2013