Hopp til innhold
X
Innhald

Santa Fé i Argentina

Santa Fé, by i det nordlege Argentina, på staden der Río Salado munnar ut i Paraná. Han har om lag 406 000 innbyggjarar og er handelssentrum i eit jordbruksområde med variert industri. Byen har også elvehamn for havgåande skip, flyplass og to universitet. Dessutan er han erkebispesete. Santa Fé vart grunnlagd i 1573.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012