Hopp til innhold
X
Innhald

Santa Fé i USA

Santa Fé, by og hovudstad i delstaten New Mexico i USA, på 2132 moh. Han har om lag 68 000 innbyggjarar og vart grunnlagd i 1609. Spanske kolonistar opparbeidde stor handel med den opphavlege folkesetnaden, og byen var eit senter for handel mellom Mexico og USA på 1800-talet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012