Hopp til innhold
X
Innhald

Santa Marta

Santa Marta, by i Colombia, ved Det karibiske havet. Han har om lag 416 000 innbyggjarar og er handelssentrum i eit banandistrikt. Santa Marta vart grunnlagd i 1525 og er den eldste byen i Colombia. Simón Bolívar døydde i byen i 1830.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012