Hopp til innhold
X
Innhald

Santiago

Santiago (spansk Den heilage Jakob), også kalla Santiago de Chile, hovudstad i Chile. Han har om lag 5,4 millionar innbyggjarar med forstader. Byen er sentrum for finans, handel, industri og kommunikasjon, og han har dessutan ei internasjonal lufthamn. I tillegg har han fleire universitet og ein norsk ambassade. Santiago vart grunnlagd i 1541.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012