Hopp til innhold
X
Innhald

Saratoga Springs

Saratoga Springs, by i delstaten New York i USA med om lag 27 000 innbyggjarar. Turisme til dei mineralske kjeldene er viktig for byen. Søraust for byen ligg Saratoga, der britiske general Burgoyne 17. oktober 1777 måtte overgi seg til amerikanarane med ein hær på 6000 mann. Dette representerte eit vendepunkt i den amerikanske sjølvstendekrigen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012