Hopp til innhold
X
Innhald

Seattle

Seattle, by i delstaten Washington i USA, ved Puget Sound. Han har om lag 3,7 millionar innbyggjarar med forstader, og mange innbyggjarar med norsk opphav. Seattle er ein stor hamne- og handelsby med stor trafikk til Austen og Alaska. Vidare har han ein stor fiskeflåte, skipsverft, sagbruk og hermetikkfabrikkar. Byen er dessutan hovudsete for det store luft- og romfartskonsernet Boeing Company. I tillegg har han tre universitet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012