Hopp til innhold
X
Innhald

South Bend

South Bend, by i delstaten Indiana i USA, aust for Chicago. Han har om lag 107 000 innbyggjarar, eller om lag 275 000 med forstader. Byen husar ein del fly- og maskinindustri. Tidlegare vart mellom anna symaskina Singer produsert der. University of Notre Dame, der vossingen Knute Rockne revolusjonerte amerikansk fotball, ligg ved South Bend. Byen vart grunnlagd i 1820.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012