Hopp til innhold
X
Innhald

Spokane

Spokane, by i delstaten Washington i USA med om lag 200 000 innbyggjarar, eller om lag 430 000 med omland. Han er eit samferdsels- og handelssenter med mykje næringsmiddelindustri og maskinindustri. Byen husar òg eit universitet. Spokane har vore busett frå 1810 og by frå 1879.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012