Hopp til innhold
 Sucre. Foto: RaMaOrLi, flickr.com CC BY
Sucre. Foto: RaMaOrLi, flickr.com CC BY
X
Innhald

Sucre

Sucre er den nominelle hovudstaden i Bolivia. Han ligg om lag 2800 meter over havet og har om lag 247 000 innbyggjarar. Sucre er sete for høgsterett, men regjering og nasjonalforsamling har sete i La Paz. Sucre har ein katedral frå 1553. Universitet vart grunnlagd i 1624, noko som gjer det til eit av dei eldste i Sør-Amerika.
 
Byen vart grunnlagd i 1538 som Chuquisaca. Han vart døypt om til Sucre i 1840, då han fekk namn etter ein av leiarane for sjølvstendekrigen mot Spania

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2013
Sist oppdatert: 16.04.2013