Hopp til innhold
 Talcahuano. Foto: Karen Ybanez,flickr.com CC BY
Talcahuano. Foto: Karen Ybanez,flickr.com CC BY
X
Innhald

Talcahuano

Talcahuano er ein by i Chile. Byen er hamneby for Concepción og har om lag 256 000 innbyggjarar. Talcahuano har ein flåtebase. Fiske, handel og industri er viktige næringsvegar, og i tillegg vert det eksportert tømmer, huder, pelsverk, ull og kol. Det ligg eit stålverk vest for byen. Store delar av byen vart øydelagd av eit jordskjelv 27. februar 2010.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2013
Sist oppdatert: 16.04.2013