Hopp til innhold
X
Innhald

Tampico

Tampico, by i delstaten Tamaulipas i det søraustlege Mexico. Han har om lag 311 000 innbyggjarar, eller om lag 793 000 med forstader. Byen ligg ved Mexicogolfen og er eit viktig oljesentrum. Elles er fiske og kjemisk industri viktige næringar. Tampico vart grunnlagd i 1532 og bygd opp att i 1823 etter lenge å ha vore øydelagd av sjørøvarar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012