Hopp til innhold
 Tegucigalpa. Foto: Ian Mackenzie, flickr.com CC BY
Tegucigalpa. Foto: Ian Mackenzie, flickr.com CC BY
X
Innhald

Tegucigalpa

Tegucigalpa er hovudstad i Honduras. Byen har om lag 1,1 millionar innbyggjarar, medrekna heile storbyområdet om lag 1,3 millionar. Dei viktigaste næringsvegane er handel og forbruksvareindustri. Tegucigalpa har fleire universitet og internasjonal flyplass. Byen vart grunnlagd i 1578 og har vore hovudstad sidan 1880.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2013
Sist oppdatert: 16.04.2013