Hopp til innhold
X
Innhald

Thule på Grønland

Thule, handelsstasjon nordvest på Grønland som er det nordlegaste busette området der. Det vart grunnlagt av Knud Rasmussen i 1910 og teke over av den danske staten i 1937. Under den andre verdskrigen oppretta USA ein flybase (Dundas) ved Thule, og i 1953 vart folkesetnaden tvangsflytta til Qaanaaq 180 km lenger nord. Thule flyplass, som vart bygd opp i åra 1951–53, er ein viktig amerikansk base i Arktis.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012