Hopp til innhold
 Taco i Tijuana. Foto: Nora Kuby, flickr.com CC BY
Taco i Tijuana. Foto: Nora Kuby, flickr.com CC BY
X
Innhald

Tijuana

Tijuana er ein by i delstaten Baja California Norte i Mexico. Byen ligg på grensa til California og er tvillingby til San Diego i USA. Tijuana har om lag 1,6 millionar innbyggjarar. Det bur om lag 5,1 millionar i storbyområdet, medrekna San Diego. Tijuana er frihandelsområde med tilhøyrande industri, og byen er også turistområde for folk frå USA.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2013
Sist oppdatert: 16.04.2013