Hopp til innhold
X
Innhald

Topeka

Topeka, by og hovudstad i delstaten Kansas i USA. Med forstader har han om lag 122 000 innbyggjarar. Byen vart grunnlagd i 1854 og har hatt universitet (Washburn) sidan 1865. Handel og næringsmiddelindustri er viktige næringar. I tillegg har Topeka mange trykkjeri.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012