Hopp til innhold
X
Innhald

Toronto

Toronto, by og hovudstad i provinsen Ontario i Canada. Han har om lag 4,6 millionar innbyggjarar, eller om lag 5,9 millionar med forstader.
 
Byen ligg ved Ontariosjøen og er den største i landet. I tillegg er han det leiande finans- og handelssentrumet og eit knutepunkt for samferdsel med internasjonal lufthamn.
 
Vidare har han mellom anna to universitet, der det eldste vart grunnlagt i 1827, ein musikkhøgskule, eit kjent symfoniorkester, eit kunstakademi og botanisk og zoologisk hage. Toronto er elles ein viktig hamneby. Sentrumet er prega av mange skyskraparar. Byen vart grunnlagd som ein fransk handelsstasjon i 1720.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012