Hopp til innhold
 Trinidad, Cuba. Foto: Patrick Nouhailler, flickr.com CC BY
Trinidad, Cuba. Foto: Patrick Nouhailler, flickr.com CC BY
X
Innhald

Trinidad

Trinidad er ein by på Cuba. Byen har om lag 64 000 innbyggjarar. Han har variert industri, blant anna fleire sukkerraffineri og meieri og sigarett- og sigarfabrikkar. Byen er prega av spansk koloniarkitektur og er erklært som nasjonalt monument. Trinidad vart grunnlagd i 1514. Byen står på UNESCO si verdsarvliste.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2013
Sist oppdatert: 16.04.2013