Hopp til innhold
X
Innhald

Utica

Utica, by i delstaten New York i USA, ved elva Mohawk. Han har om lag 60 000 innbyggjarar. Utica er ein hamneby ved Eriekanalen. Elektronisk industri, flyindustri og verkstadindustri er dei viktigaste næringane. I 1879 opna Frank Winfield Woolworth den første butikken sin i Utica.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012