Hopp til innhold
X
Innhald

Valencia i Venezuela

Valencia i Venezuela, by og hovudstad i delstaten Carabobo i Venezuela, vest for Caracas. Han har om lag 1,8 millionar innbyggjarar med forstader, og er handelssentrum i eit jordbruksdistrikt. Byen har mellom anna ei hamn i Puerto Cabello og universitet.
Valencia vart grunnlagd i 1555, og var hovudstad i Venezuela i 1812, 1830 og 1858.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012