Hopp til innhold
X
Innhald

Valparaíso

Valparaíso, by i Chile, nordvest for Santiago. Han har om lag 280 000 innbyggjarar, eller om lag 900 000 med forstader. Byen har ei stor hamn, mange mekaniske verkstader, mykje tekstilindustri, to universitet, ein teknisk høgskule og ein sjøkrigsskule. I 1990 fekk han dessutan ein nasjonal kongressbygning.
 
Valparaíso vart grunnlagd i 1536. Byen er ofte ramma av jordskjelv.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012