Hopp til innhold
X
Innhald

Veracruz (delstat)

Veracruz, delstat i det austlege Mexico, på 72 815 km². Han har om lag 7 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Xalapa de Enríquez. Jordbruk er den viktigaste næringa i området, og kaffi, sukkerrøyr, bananar og tobakk er særleg viktige varer. I tillegg blir det drive fedrift i låglandet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012