Hopp til innhold
Foto: Edupics. Creative commons.
Foto: Edupics. Creative commons.
X
Innhald

Washington, D.C.

Washington, D.C., by og hovudstad i USA.

Washington, D.C., by og hovudstad i USA som utgjer eit særskilt forbundsdistrikt, District of Columbia, forkorta D.C. Han ligg ved Potomacelva på austkysten av USA, og arbeidet med han starta i 1791.
Byen har om lag 565 000 innbyggjarar, og i byområdet Washington–Baltimore bur det om lag 7,8 millionar menneske. Forbundsdistriktet inngår ikkje i nokon delstat, men er direkte underlagt kongressen.
Washington, D.C. er først og fremst ein administrasjonsby, men han er også langt framme når det gjeld grafisk industri. Elles husar han ein norsk ambassade. Byen har to flyplassar: Washington National Airport, 8 km sør for byen, og Dulles International Airport, 43 km vest for hovudstaden. Capitol er midtpunktet i Washington.
I byen ligg mellom anna Smithsonian Institution, Museum of Natural History, National Gallery of Art, Library of Congress og kultursenteret John F. Kennedy Center for the Performing Arts. Dessutan er han sete for høgsterett og har ei rekkje universitet og høgskular.
På den andre sida av Potomacelva ligg Arlington æreskyrkjegard og forsvarsdepartementet Pentagon.
Departementsbygningane vart ramma av terrorangrepa mot USA 11. september 2001.Eit kapra fly krasjlanda ved Pentagon, og store delar av anlegget vart sett i brann.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 06.07.2012