Hopp til innhold
 Willemstad. Foto: bertknot, flickr.com CC BY
Willemstad. Foto: bertknot, flickr.com CC BY
X
Innhald

Willemstad

Willemstad var tidlegare hovudstad i Dei nederlandske Antillane, som vart oppløyste i 2010. Byen er no hovudstad og største by i Curaçao. Byen har om lag 100 000 innbyggjarar. Byen har skipsverft, elles er turisme ei viktig næring. Synagogen i Willemstad vart grunnlagd i 1732 og er den eldste på den vestlege halvkula. Bysentrum og hamna står på UNESCO si verdsarvliste.

Først publisert: 17.04.2013
Sist oppdatert: 17.04.2013