Hopp til innhold
Winnipeg. Foto: Hobolens flickr.com CC BY
Winnipeg. Foto: Hobolens flickr.com CC BY
X
Innhald

Winnipeg

Winnipeg er hovudstad i provinsen Manitoba i Canada. Med alle forstader har byen om lag 678 000 innbyggjarar. Winnipeg er eit handelssentrum, særleg for kornhandel, og byen har møller, fleire slakteri og verkstadindustri. Byen har fleire universitet. Han vart grunnlagd som fransk fort i 1738.

Først publisert: 17.04.2013
Sist oppdatert: 17.04.2013