Hopp til innhold
 Martin Luther King jr., i Alabama 1965. Foto: American Jewish Historical Society.
Martin Luther King jr., i Alabama 1965. Foto: American Jewish Historical Society.
X
Innhald

Alabama

Alabama (forkorta Ala. eller AL), delstat i USA ved Mexicogolfen, på 133 915 km². Han har om lag 4,5 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Montgomery, industrisentrumet er Birmingham og den viktigaste hamnebyen er Mobile.
 
Dyrking av bomull, mais, soyabønner og jordnøtter er dei viktigaste næringane i tillegg til broiler- og eggproduksjon. Delstaten er det viktigaste tungindustriområdet i Sørstatane. Alabama har vore delstat sidan 1819. Han blir kalla Heart of Dixie og Camelia State.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.01.2012
Sist oppdatert: 22.05.2013