Hopp til innhold

 Fjellet Denali/Mount McKinley i Alaska. Foto: blmiers2, flickr.com CC BY 2.0
Fjellet Denali/Mount McKinley i Alaska. Foto: blmiers2, flickr.com CC BY 2.0
X
Innhald

Alaska

Alaska er den største delstaten i USA. Området er fjelland, og det rommar mellom anna den høgste toppen i Nord-Amerika, Mount McKinley (Mount Denali lokalt) på 6194 moh.

Alaska (forkorta Alas. eller AK), den største delstaten i USA, på 1 530 694 km². Han har om lag 664 000 innbyggjarar og vart teken opp som den 49. delstaten i 1959.
Alaska omfattar den nordvestlege delen av fastlandet i Nord-Amerika. Hovudstaden er Juneau og den største hamnebyen er Anchorage på sørkysten. Området er fjelland, og det rommar mellom anna den høgste toppen i Nord-Amerika, Mount McKinley (Mount Denali lokalt) på 6194 moh.
I det indre finn ein breie elvedalar. Alaska er hyppig utsett for jordskjelv. Klimaet er arktisk, bortsett frå på den fuktige sørkysten, der det er store barskogar. I nord er det tundra. Delstaten har elles eit rikt dyreliv.
Utqiaġvik (Barrow) er den nordlegaste busetnaden i USA og Alaska. Foto: Ben Templesmith CC BY2.0
Utqiaġvik (Barrow) er den nordlegaste busetnaden i USA og Alaska. Foto: Ben Templesmith CC BY2.0
Utvinning av olje og naturgass er ei viktig næring, og det går ein stor røyrleidning frå Prudhoe Bay til sørkysten. Andre viktige næringar er gruvedrift på gull, kvikksølv, kopar og kol, skogbruk, hermetikkindustri, fiske og pelsdyravl.
Alaska vart oppdaga i 1741 av ein russisk ekspedisjon som vart leidd av dansken Vitus Bering, og USA kjøpte område for 7,2 millionar dollar i 1867. Gullfunn som vart gjorde i 1896 førte til stor innvandring av gullgravarar. Store militæranlegg vart førte opp under den andre verdskrigen, og Alaska er no ein viktig base for marine og flyvåpen. Uoffisielt blir delstaten kalla The Last Frontier.


Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.01.2012
Sist oppdatert: 11.04.2014