Hopp til innhold
 Horesehoe bend, Grand Canyon, Arizona. Foto: Cleber Mori, flickr.co CC BY 2.0
Horesehoe bend, Grand Canyon, Arizona. Foto: Cleber Mori, flickr.co CC BY 2.0
X
Innhald

Arizona

Arizona er ein delstat i det sørvestlege USA nær grensa til Mexico. Arizona har den største folkesetnaden av indianarar i USA med 17 reservat på til saman om lag 80 000 km².

Delstaten er på 295 259 km², det vil seie litt mindre enn Noreg, og har om lag 6,5 millionar innbyggjarar. Hovudstad er Phoenix.
 
Arizona har den største folkesetnaden av indianarar i USA med 17 reservat på til saman om lag 80 000 km². Om lag 30 % av folkesetnaden har opphav frå Latin-Amerika, og folkesetnaden veks raskt på grunn av innvandring frå sør.
 
Det finst store vatningsanlegg i Arizona. Dei viktigaste næringsvegane er elektroteknisk og elektronisk industri, jordbruk og kvegavl.  I tillegg finst det gruvedrift, særleg av kopar. Tidlegare hadde området ein rik indianarkultur av stammane pueblo, hopi og navaho.
 
Arizona var spansk koloni til 1821, og høyrde til Mexico til 1848. Frå 1912 har han vore delstat. Delstaten vert kalla Grand Canyon State.
 



Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.03.2013
Sist oppdatert: 22.05.2013