Hopp til innhold
X
Innhald

Arkansas

Arkansas (forkorta Ark. el. AR.), delstat i USA på 137 754 km². Han har om lag 2,7 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Little Rock.
Klimaet er av fuktig subtropisk art. Jordbruk er ein viktig næringsveg med dyrking av mellom anna bomull og ris. Skogbruk, treforedlingsindustri, bauxittutvinning og turisme er andre viktige næringar. Delstaten har dessutan mange kurstader.
Arkansas har vore delstat sidan 1836 og blir kalla Land of Opportunity.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.01.2012
Sist oppdatert: 22.05.2013