Hopp til innhold
 Colorado. Foto: Jessica Feis, flickr.com CC BY 2 0
Colorado. Foto: Jessica Feis, flickr.com CC BY 2 0
X
Innhald

Colorado

Colorado er ein delstat i USA på 269 595 km². Han har om lag 4,7 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Denver. Colorado er den høgstliggjande delstaten i USA, med ei gjennomsnittshøgd på 2000 moh.

Colorado (forkorta Col. eller CO), delstat i USA på 269 595 km². Han har om lag 4,7 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Denver. Colorado er den høgstliggjande delstaten i USA, med ei gjennomsnittshøgd på 2000 moh. Klimaet er tørt.
 
Delstaten har mykje storfe- og sauehald i tillegg til mykje industri. Dessutan blir det vunne ut molybden, olje, kol, sølv og uran. Colorado har vore delstat sidan 1876, og han blir kalla Centennial State.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 22.05.2013