Hopp til innhold
X
Innhald

Connecticut

Connecticut (forkorta Conn. eller CT), delstat i det nordaustlege USA på 12 997 km². Han har om lag 3,5 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Hartford. Delstaten har eit bakkete lågland med enkelte fjellstrøk. Klimaet er mildt og fuktig.
Maskinindustri, motorindustri, våpenindustri, næringsmiddelindustri og jordbruk er viktige næringar. I tillegg har delstaten mange forsikringsselskap. Connecticut vart grunnlagd i 1635 som ein engelsk koloni – ein av New England-statane. I 1788 vart han delstat og ein av dei opphavlege 13 delstatane i USA. Han blir kalla Constitution State og Nutmeg State.Connecticut og Connecticut River i 2011. Foto: NASA, flickr.com CC BY 2.0.
Connecticut og Connecticut River i 2011. Foto: NASA, flickr.com CC BY 2.0.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 22.05.2013