Hopp til innhold
X
Innhald

Delaware

Delaware (forkorta Del. eller DE), delstat i det nordaustlege USA på 5297 km². Han har om lag 829 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Dover. Delaware vart opphavleg kolonisert av svenskar som i 1638 grunnla kolonien Nya Sverige, men denne gjekk tapt i 1655.
Verftsindustri, kjemisk industri og ein stor produksjon av broilerar er viktige næringsvegar. Delaware var ein av dei opphavlege 13 delstatane i USA og den første som tredde inn i unionen, i 1778. Namnet har han etter Lord De La Warr, som var guvernør i Virginia. Delstaten blir kalla First State og Diamond State.


Holy Trinity (Old Swedes) Church i Wilmington, Delaware. Grunnlagt av svenske kolonistar i 1638. Foto: University of Delaware Library. CC BY.
Holy Trinity (Old Swedes) Church i Wilmington, Delaware. Grunnlagt av svenske kolonistar i 1638. Foto: University of Delaware Library. CC BY.

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 22.05.2013