Hopp til innhold
X
Innhald

Georgia

Georgia (forkorta Ga. eller GA), delstat i USA, nord for Florida. Arealet er på 152 576 km², og han har om lag 8,9 millionar innbyggjarar.
Georgia vart grunnlagd i 1733 og var ein av dei opphavlege 13 delstatane frå 1788. Han utvikla seg til ein typisk slavestat med stor bomullsproduksjon.
I dag blir det framleis produsert mykje bomull, og Georgia er dessutan den einaste produsenten av jordnøtter i USA. Andre viktige produkt er tobakk, søtpoteter, grønsaker, vassmelonar og mais. Tekstil- og treforedlingsindustri er også viktige næringar.
Georgia er oppkalla etter kong Georg II av Storbritannia. Delstaten blir elles kalla Empire State of the South og Peach State.



Bomullsplantasje i Georgia, 1941. Foto: Jack Delano. Kjelde: Library of Congress, flickr.com

Bomullsplantasje i Georgia, 1941. Foto: Jack Delano. Kjelde: Library of Congress, flickr.com

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 22.05.2013