Hopp til innhold
X
Innhald

Hawaii

Hawaii (forkorta Ha. eller HI), delstat i USA og ei øygruppe i Stillehavet mellom 19° og 22° N. Øyane har eit areal på til saman 16 760 km² og om lag 1,3 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Honolulu på øya Oahu.
Øygruppa omfattar over 100 øyar, der åtte av dei er busette. Berre øya Hawaii har framleis aktiv vulkanisme, med Mauna Loa på 4169 moh., som også har ein kjend kratersjø. Hawaii har elles tropisk havklima. Folkesetnaden er svært samansett: det er flest kvite, men også mange japanarar, kinesarar, filippinarar og blanda. Få av dei er opphavleg hawaiiske.
Turisme er ein viktig næringsveg, og det er også inntekter frå forsvaret og dyrking av ananas og sukkerrøyr. Øyane er dessutan eit viktig samferdselsknutepunkt.
Polynesiarar slo seg ned på øyane om lag 500 e.Kr, og James Cook kom til Hawaii i 1778. Han kalla øygruppa Sandwichøyane. Dei vart annekterte av USA i 1898, dei vart føderalt territorium i 1900, og dei vart delstat i 1959. Hawaii blir kalla The Aloha State.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 22.05.2013