Hopp til innhold
 Idaho, Sawtooth mountains. Foto: Charles Knowles, flickr.com. CC BY
Idaho, Sawtooth mountains. Foto: Charles Knowles, flickr.com. CC BY
X
Innhald

Idaho

Idaho, forkorta Ida., er ein delstat i USA. Han er på 216 430 km² og har om lag 1,6 millionar innbyggjarar. Hovudstad  er Boise.
Staten ligg vest for hovudvasskiljet i Rocky Mountains og består mest av platåland mellom 1200 og 1800 meter over havet. I nord og vest er det høge fjell, Bitter Root Mountains, og i sør ligg ørkenen Snake River Desert med nasjonalparken Craters of the Moon. Det vert drive stor potetavl, og ein dyrkar også kveite og sukkerroer. Storfehald og gruvedrift, særleg av blymalm, fosfat, sink- og sølvmalm, er andre viktige næringar.
Ny industri, som elektronikk og høgteknologi, er no dei viktigaste inntektskjeldene for delstaten. Det er stor turisttrafikk, særleg i nord omkring Coeur d'Alene med sine mange innsjøar. Idaho vart organisert som territorium i 1863, og vart delstat frå 1890. Han vert kalla Gem State.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 22.05.2013