Hopp til innhold
X
Innhald

Illinois

Illinois (forkorta Ill. eller IL), delstat i USA på 145 933 km². Han har om lag 12,8 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Springfield. Illinois utgjer eit sletteland sørvest for Michigansjøen, omkring storbyen Chicago.
 
Det blir dyrka mykje soyabønner og mais i området, og delstaten har stort svine- og storfehald. I tillegg kjem kolutvinning og variert industri i Chicago-området.
 
Illinois har vore delstat sidan 1818. Han blir ofte kalla The Prairie State. Namnet Illinois er av indiansk opphav.

Lake Michigan og Chicago i Illinois, foto: Chris James, flickr.com CC BY 2.0
 
Lake Michigan og Chicago i Illinois, foto: Chris James, flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 22.05.2013