Hopp til innhold
X
Innhald

Indiana

Indiana (forkorta Ind. eller IN), delstat i USA mellom Michigansjøen og elva Ohio, på 93 719 km². Han har om lag 6,2 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Indianapolis. Store delar av delstaten er prærieland.
 
Han har mellom anna stor jordbruksproduksjon (kveite, mais, grønsaker, soyabønner), kolgruver og utvinning av naturgass og olje. Vidare blir det produsert bildelar, fly, kjemikaliar, elektrisk utstyr, møbel og meir i Indiana.
 
Delstaten vart organisert som territorium i 1800, og han har vore delstat sidan 1816. Indiana blir kalla Hoosier State.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 22.05.2013